Ressursar for tillitsvalde

Underteikna er tillitsvald i Fagforbundet. I dette høvet har eg samla lenkjer til ymse ressursar som kan vere nyttige for andre tillitsvalde i Fagforbundet (og i fagrørsla forøvrig) og andre interesserte.

Rapportar

Arbeidstid og helse. Oppdatering av en systematisk litteraturstudie av STAMI.
Fagleg tung systematisk gjennomgang av kva forskinga seier om samanhengen mellom arbeidstid og helse.

Ymse

Tariffleksikon av Fri Fagbevegelse.
Det er mykje stammespråk ein kjem borti som tillitsvald. Ikkje alt er sjølvforklarande. Tariffleksikonet inneheld definisjonar av mykje av dette stammespråket.

Bøker

Med fare for liv og helse. Uforsvarlige arbeidstider og hvordan vi avskaffer dem av Ebba Wergeland.
Boka er ei gullgruve når det kjem til arbeidstidsordningar, med eit klart språk og ei god og gjennomført kjeldeliste. Eit obligatorisk verkty for tillitsvalde.

Statlig økonomi for tillitsvalgte av Bjørn Rudaa.
Ein god gjennomgang av økonomiske prinsipp tilpassa tillitsvalde sin kvardag. Inneheld mellom anna informasjon om politikk, budsjettprosessar og rekneskap.

Arbeidstid, skift og turnus - og helse av Jørund Hassel.
Ei grundig bok som går gjennom lovverk, helse og arbeidstid, oppsett av arbeidsplanar, godkjenning av vaktplanar mm. Nyttig for dei som ynskjer å setje seg enno meir inn i lovverket for arbeidstid og samanhengen mellom skift-/turnusarbeid og helse.

Forskingsartiklar

Insomnia, excessive sleepiness, excessive fatigue, anxiety, depression and shift work disorder in nurses having less than 11 hours in-between shifts. Eldevik MF, Flo E, Moen BE, Pallesen S, Bjorvatn B. PLoS ONE. 2013;8(8):e70882.
Norsk studie som ser på samanhengen mellom insomnia, det å vere unormalt trøytt, å ha angst, depresjon og «shift work disorder» og det å ha mindre enn 11 timar mellom vakter (typisk sein/tidleg-problematikk).

Measures to counteract the negative effects of night work. Pallesen S, Bjorvatn B, Magerøy N, Saksvik IB, Waage S, Moen BE. Scand J Work Environ Health. 2010;36(2):109-20.
Studie som går over forslag til korleis redusere eller unngå dei negative sidene av nattarbeid.

Bak betalingsmur: Shift work and the assessment and management of shift work disorder (SWD). Wright KP, Bogan RK, Wyatt JK. Sleep Med Rev. 2013;17(1):41-54.
Systematisk gjennomgang av studier om «shift work disorder» (SWD), ein søvnrytmeforstyrrelse som ein kan utvikle som ein konsekvens av å jobbe skift og turnus. Inneheld informasjon om SWD og anbefalingar om korleis handtere det. Denne er diverre bak ein betalingsmur, tilgjengeleg på nettverk hos universitet (inkl. universitetssjukehus) og høgskular.

Artiklar

«– Kvinner bør bli delvis uføre framfor å jobbe frivillig deltid» (Fagbladet, 2017).
Steinar Fuglevaag grunngjev i denne artikkelen kvifor han meiner at kvinner som trapper ned til å arbeide deltid heller bør søkje uførepensjon.

Hva er lovlig nattarbeid og hvorfor er reglene så strenge? (Fri Fagbevegelse, 2020).
Arbeidsmedisiner hos arbeidstilsynet, Tor Erik Danielsen, forklarer til Fri Fagbevegelse.